Gå til innhold Globalmeny Forsiden
Toppbilde

Driftskomiteen 11.05.16 - sak 18/16 - Levanger kommune som friby for forfattarar

Vidar Lund - klikk for personkort
Saksbehandler: Vidar Lund
Arkivref. 2016/2815
Saksordfører: Ingen

vedtak

Saksgang
UtvalgMøtedatoSaksnr.
Driftskomiteen 11.05.16 18/16

 

Rådmannens forslag til vedtak:

Komitéen tek saksutgreiinga til orientering.

Levanger kommune skal halde fram som friby, og tek imot ein ny forfattar når inneverande periode er gått ut.

Fribyforfattaren si busetjing, ev. med familie, skal skje innanfor gjeldande vedtak for busetjing av flyktningar med opphaldsløyve.

Rådmannen set av ressurs til fribykoordinator og ICORN-kontingent innanfor den økonomiske ramma for perioden. 

Hjemmel/bakgrunn for saken:

Levanger kommune har vore friby for forfattaren og skribenten Mamon Ali Jabari sidan 2014. Når perioden hans no går mot slutten, blir komitéen bedt om å ta stilling til om Levanger framleis skal vera friby og ta imot ein ny forfattar. 

Vedlegg:

Ingen

Andre saksdokumenter (ikke vedlagt):


Saksopplysninger:

Fribyordninga er ei internasjonal ordning som vart oppretta i 1994 etter initiativ frå mellom anna Salman Rushdie. I Noreg var Stavanger tidlegast ute, mens det i dag er 13 fribyar i Noreg. Totalt i verda er 55 byar tilknytta det internasjonale nettverket av fribyar, ICORN. ICORN har hovudkontor i Stavanger. 

Ordninga fungerer ved at fribyane tek imot ein forfølgd forfattar i ein toårsperiode. Fribyforfattarane kjem inn gjennom systemet for overføringsflyktningar, og følgjer det obligatoriske introduksjonsprogrammet med opplæring i norsk og samfunnskunnskap. I Noreg gir Utanriksdepartementet (UD) kr 100.000 i stipend til kvar forfattar gjennom Norsk PEN. Dette er eit tilskot som skal gå til å utvikle forfattarskapen, t.d. som støtte til omsetjing av tekstar til norsk/engelsk, reiser til festivalar og ulike møte eller naudsynt utstyr.

Fribyen/vertskommunen si rolle utover den rolla ein har som kommune som tek imot flyktningar, er å ha ein fribykoordinator. Koordinatoren sine oppgåver er å hjelpe forfattaren til å utvikle forfattarskapen sin. Forfattaren treng gjerne hjelp til å koma i kontakt med andre forfattarar, skaffe omsetjarar, kontakt med forlag og aviser og organisering av reiseverksemd, og då er koordinatoren viktig. For Levanger sin del har 10-15% av ei stilling ved biblioteket gått til koordinatorarbeid. Koordinatoren disponerer stipendet frå UD i samråd med forfattaren og rapporterer til Norsk PEN.

Då Levanger vart friby i 2014, skjedde det gjennom ei administrativ avgjerd. Mamon Ali Jabari frå Syria stod på lista over aktuelle forfattarar som skulle til Noreg saman med familien, og hadde allereie eit nettverk i Levanger. Då administrasjonen vart kontakta, gjekk kultureininga v/ biblioteket og flyktningetenesta saman og fann ut at dette var det rom for innanfor gjeldande kvote for busetjing av flyktningar. I tillegg hadde biblioteket fleirkulturell kompetanse og moglegheit til å ha rolla som fribykoordinator. Einaste tilleggskostnad er medlemskapen i ICORN (€2000) og ev. reiser fribykoordinatoren har. Dette blir ikkje dekt av UD. Ein vart då samd om å ta desse kostnadene innanfor ramma til dei to einingane.

Mamon Ali Jabari har utvikla seg som skribent i dei to åra, og har i tillegg utvikla eit nettverk med andre fribyforfattarar og norske forfattarar. 

Vurdering:

Rådmannen vurderer at erfaringane frå dei to siste åra er gode. Levanger kommune har vore med på å sikre liv og helse til ein forfølgd forfattar. Biblioteket har fått utvikla den fleirkulturelle og fleirspråklege kompetansen.

Ressursen til fribykoordinator har vore ei fornuftig prioritering innanfor det fleirkulturelle arbeidet til biblioteket, m.a. gjennom at både forfattaren og familien har vore med på arrangement og til dels vore bindeledd til delar av den arabiskspråklege delen av Levanger.

Rådmannen ser at det er gjort mange erfaringar dei siste to åra som vil gjera det lettare å ta imot ein ny forfattar.

Til toppen av siden





Publisert: 28.04.2011 17:50 Sist endret: 11.05.2016 19:38
Post: Levanger kommune Boks 130, 7601 Levanger Besøksadresse: Håkon Den Godes gt 30 ved Torvet
Tlf: 74 05 25 00 Faks: E-post: postmottak@levanger.kommune.no
Åpningstid: Man-fre 09:00-15:00 Åpningstid: Org.nr.: 938 58 7051