Gå til innhold Globalmeny Forsiden
header2

Fleire arrangement i Nordisk bibliotekveke

Logoen til Nordisk bibliotekvekeKvart år markerer bibliotek over heile Norden det nordiske fellesskapet gjennom arrangement for barn og vaksne. Biblioteka i Steinkjer, Verdal og Levanger har aktivitet gjennom heile veka, og inviterer til både foredrag, utstillingar, quiz, høgtlesing og konsert i samarbeid med Foreningen Norden. På Levanger har vi foredrag om norsk kolonihistorie i Karibia og feirar Finlands 100-årsjubileum som sjølvstendig stat.



13. november

Verdal bibliotek kl 10: «Morgongry», teaterstudentar les og syng om sjørøvarar! For invitert barnehage.

Steinkjer bibliotek kl 19: «Møte med Island». Gunnar Einar Steingrimsson, nytilsett sokneprest i Beitstad, Namdalseid og Statland, fortel om historie, kultur, menneske og makter på sagaøya i vest. Fri inngang. Arr: Foreningen Norden i samarbeid med Steinkjer bibliotek. Les meir på Facebook.

14. november

Verdal bibliotek kl 9 og 10: «Morgongry», teaterstudentar les og syng om sjørøvarar! For to inviterte skuleklassar.

Levanger bibliotek kl 19: «Norsk kolonihistorie i Dansk Vestindia». Fartein Horgar har skrive romanar frå den norsk-danske kolonihistoria i Karibia og kjem til biblioteket for å fortelje om denne ukjende delen av norsk-dansk historie, 100 år etter at øyane vart selde til USA. Fri inngang. Les meir på Facebook.

16. november

Steinkjer bibliotek kl 10: «Morgongry», med høgtlesing for inviterte barnehagar. I lesestunda får barna ein smakebit av Norden, og får sjå kor mykje historie og kultur vi deler – sjølv om vi er forskjellige.

Levanger bibliotek kl 19: «Finland 100 år». Foreningen Norden markerer at det er 100 år sidan Finland vart sjølvstendig. Det blir song ved Maija Skille akkompagnert av Tormod Lånkan, litt om finsk historie, finsk historie og høgtlesing. Inngang kr 100, inkl. kaffi og noko å bite i. Arr: Foreningen Norden i samarbeid med Levanger bibliotek. Les meir på Facebook.

17. november

Levanger bibliotek kl 10.45: «Morgongry», med høgtlesing for inviterte barnehagar.



Publisert: 13.11.2017 00:55 Sist endret: 13.11.2017 10:35

Levanger bibliotek Jernbanegata 16 7600 Levanger
Tlf: 740 52 900 Faks: 740 52 909 E-post: biblioteket@levanger.kommune.no
Åpningstid: Man-Tor 10-18 Fre 10-16 Åpningstid: Lør 11-15 Søn stengt Org.nr.: 974035928
Nettredaktør: Espen Rønning Ansvarlig redaktør: Vidar Lund Utviklet av: Sem & Stenersen Prokom AS

En del av Levanger kommune Levanger kommune