Gå til innhold Globalmeny Forsiden
header

Biblioteket inviterer frivillige lag til samarbeid

Levanger bibliotek har fått kr 50 000 i tilskot frå Nasjonalbiblioteket for å samarbeide med frivilligheita i Levanger om nye arrangement. No inviterer vi frivillige lag og organisasjonar til å koma med søknader om samarbeid om arrangement.


Vi har fått støtte til å gjennomføre 5 arrangement, der vi har inntil kr 12.000 per arrangement til å støtte innhenting av eksterne foredragshaldarar og annonsering. Alle tema er aktuelle, vi vil gjerne ha arrangement om idrett, politikk, religion/filosofi, litteratur, kunst og anna!

Dei einaste krava vi har er:

  1. Arrangementet skal skje i biblioteket sitt lokale. Dette er gratis, og biblioteket stiller med ein tilsett.
  2. Organisasjonen skal vera registrert i kommunen sitt frivilligregister (http://levanger.kommune.no/Lag-og-foreninger/)
  3. Ein skal hente inn eksterne foredragshaldarar som ein elles ikkje ville fått til Levanger.
  4. Arrangementet skal vera retta mot eit allment publikum, ope for alle og gratis.
  5. Organisasjonen har ansvar for rigging og rydding saman med representanten frå biblioteket. 
  6. Arrangementet skal skje i 2017. 

Vi prioriterer lag og organisasjonar som ikkje har samarbeidd med biblioteket før, men alle er velkomne til å søkje.

Søknaden må innehalde:
- Namn på organisasjon
- Kontaktperson
- Organisasjonsnummer
- Kontonummer
- Idé til arrangement, så detaljert som mogleg, gjerne med namn på foredragshaldar. Har de vore i kontakt med vedkomande og funne ein mogleg dato er det endå betre!
- Budsjett, så detaljert som mogleg. Vi stiller ikkje krav om ein viss prosent eigenfinansiering, men det er ein fordel om organisasjonen bidreg sjølv.

Send ein søknad til postmottak@levanger.kommune.no innan 1. april, merka med saksnr. 2016/7065.

Ta kontakt med biblioteksjef Vidar Lund på e-post vidar.lund@levanger.kommune.no om du har spørsmål.



Publisert: 16.02.2017 13:29 Sist endret: 24.02.2017 15:22 Opprettet av Vidar Lund

Levanger bibliotek Jernbanegata 16 7600 Levanger
Tlf: 740 52 900 Faks: 740 52 909 E-post: biblioteket@levanger.kommune.no
Åpningstid: Man-Tor 10-18 Fre 10-16 Åpningstid: Lør 11-15 Søn stengt Org.nr.: 974035928
Nettredaktør: Espen Rønning Ansvarlig redaktør: Vidar Lund Utviklet av: Sem & Stenersen Prokom AS

En del av Levanger kommune Levanger kommune