Gå til innhold Globalmeny Forsiden
header

Bibliotekbussruta for våren - Ekne blir òg med!

No har vi fått nye bibliotekbussruter for våren. Nytt av året er at Ekne òg blir med!


I vår kjem bibliotekbussen til å besøke oss på desse torsdagane:

11. januar
15. februar
22. mars
3. mai

Han har same rute kvar gong:

Extra Åsen kl 09.30-10.30
Ekne, Sørby Handel kl 11.00-12.00
Extra Skogn kl 12.30-13.30

 

Bibliotekbussen er open for alle. Du kan bruke ditt nasjonale lånekort du har fått ved Levanger bibliotek. Du kan låne bøker på bussen og levere på Levanger bibliotek - og omvendt!


Bibliotekbussen er eit tilbod Levanger bibliotek kjøper inn frå Trøndelag fylkesbibliotek. Målet er å gje eit bibliotektilbod på dei plassane som er lengst unna Levanger sentrum og framleis har eigne sentrumsfunksjonar.

Vi vil takke Extra Åsen, Sørby Handel og Extra Skogn for at bussen kan stå der og ta imot folk.



Publisert: 21.12.2017 09:09 Sist endret: 21.12.2017 09:33

Levanger bibliotek Jernbanegata 16 7600 Levanger
Tlf: 740 52 900 Faks: 740 52 909 E-post: biblioteket@levanger.kommune.no
Åpningstid: Man-Tor 10-18 Fre 10-16 Åpningstid: Lør 10-14 Søn stengt Org.nr.: 974035928
Nettredaktør: Espen Rønning Ansvarlig redaktør: Vidar Lund Utviklet av: Sem & Stenersen Prokom AS

En del av Levanger kommune Levanger kommune