
No kan du bestille bøker frå heile landet heilt på eiga hand! Prøv Biblioteksøk.
Nord-Trøndelag er eit av fem fylke som er først ute med å prøve den nye tenesta.
På bibsok.no kan du søkje etter bøker og anna materiale frå heile landet. Perfekt for deg som studerer, driv med slektsforsking eller har andre prosjekt der samlinga vår blir for lita.
For å bestille må du ha eit nasjonalt lånekort og pinkode. Dersom du ikkje har pinkode kan du få laga ein her: Lag pinkode.
Gi oss gjerne melding dersom du ikkje får det til, send e-post til biblioteket@levanger.kommune.no.